fredag 16. september 2011

DKL 1. Innlegg

Vi har fått i oppgåve å lage ein blogg, og skrive eit innlegg. Dette er dermed mitt første bidrag til denne bloggen, og håpar eg får godkjent desse 30 studiepoenga, som eg tek i tillegg til 60 poeng i musikk.

Vi skulle intervjue kvarandre, men sidan eg ikkje var til stades i går fekk eg ikkje gjort dette, og må dermed late som eg intervjua min gode venn Rasmus Gausemel, som eg fyrst vart kjent med for 2 år sidan på lærarskulen her i Volda.

Rasmus kjem opprinneleg fra Hornindal, ikkje så langt fra Stryn. Der var han ein lovande skihoppar, før han (etter eitt år i garden og eitt år på Idrett årstudium) bestemte seg for å legge skia på hylla, og finne fram læraren i seg. For tida er han meget aktiv i Hornindal Fotball som midtstoppar. Han kan også skryte på seg nyinnkjøpt leilighet i Stryn der han for tida bur saman med kjærasten sin. Ung og lovande er han, og kven veit kor langt han vil nå både innan fotball og intellekt!