fredag 13. januar 2012

Samanlikning av tre sosiale medier - ei reise i moglegheiter

Dag to av årets første samling i DKL fekk vi nye utfordringar å overvinne. Eg, Rasmus og Ådne bega oss ut på djupt vatn når vi skulle ta eit dykk i dei sosiale media sine verkemiddel og funksjonar. Ta ein kik og sjå kva vi fann av digitale skattar:

Samanlikning av tre sosiale medier

torsdag 12. januar 2012

Sosial web 1

Dette innlegget er ei øvingsoppgåve i samband med 1. samling. Her skal eg, Rasmus og Ådne diskutere fordelar og ulempar ved bruk av slike nettsamfunn, samt utfordringar og moglegheiter knytt til ein pedagogisk samanheng. Vi tek føre oss Del&Bruk (d&b), Facebook og twitter.

D&B 
Negativt: Vi tykkjer det er uoversikteleg. Oppsettet er rotete og vanskeleg å forstå. Dermed verkar det heile lite brukarvenleg, noko som er svært uheldig for d&b då konkurransen kring sosiale mediar er stor.
Positivt: Lærar og pedagogar kan dele både erfaringar og tips om t.d. undervisning, noko som nærar til læring blant lærarar.

Facebook
Negativt: For mykje reklame, samt freistingar som spel og andre applikasjonar som distraherar eleven vekk frå undervisninga. Då eg gjekk på skulen sendte vi lappar for å kommunisere med kvarandre, gjerne om lite skulerelevante tema, utan at læraren skulle merke det. Dette var ulovleg. Dagens elevar har det lettare då ein kan nytte chaten på facebook til å overlevere "hemmelige meldingar". Facebook-chat kan dermed tolkast i negativ retning.
Positivt: Dei fleste har facebook noko som gjer det til ein stor sosial arena der alle kan delta om noko felles, i regi av læraren. Oversiktleg og brukarvennleg oppsett. Facebook er også eit godt redskap for å lage og lagre digitale fotoalbum. Ein kan også ha videosamtala gjennom facebook, og facebook-kontoen kan ein nytte til å logge inn på t.d. nettbank og spotify.

Twitter
Negativt: Det er ikkje like utvbreidt som facebook, og det er vansklegare å chatte og føre samtalar med andre personar då det ikkje er nokon chat-funksjon. Ein kan berre komentere på andre sine statusoppdateringar, då det er meir eit medie for synspunkt og meiningar.
Positivt: Du kan følgje kjendisar, bedrifter og ord som kan ha ein pedagogisk effekt. Kanskje kan ein følgje lokale bedrifter i faget Utdanningsval?

Ingen av desse sosiale media er perfekte, og det er slik det skal vere. Ein skal måtte utforske litt forskjellig for å finne den beste. Som lærar bør du då finne deg eitt slikt medie som du vel å bruke i di undervisning.

Sosialt web - Ein digital arena for mobbing?

Jula er over og eit nytt semester er i gang. Det første innlegget er ifrå den første samlinga der temaet var sosial web.


Hontvedt (2008) definerer sosialt web som ein stad på Internett for produksjon, deling, distribusjon av informasjon og medieinnhald. 
Eit anna begrep som vert brukt om dette, er altså "Web 2.0". Dette begrepet innebærer ikkje nokon ny versjon av internett, men viser til at brukarar og utviklarar har byrja å sjå på nettet på ein ny måte. 


Sosiale medier er til dømes Nettby, Blink, Twitter og Facebook. Sistnemte er ein nettstad som gir moglegheit for sosial interaksjon over nett, ved bruk av digitale verkty. Her kan brukerane sende kvarandre mail, chatte, dele bilete, opprette statusoppdateringar, og på denne måten bli kjent med andre, samt halde kontakt med gamle kjente. 


På forelesninga vart det diskutert i kor stor grad dei sosiale media er føremålstenlege for undervisninga. I fylgje Peder Haug har ikkje facebook noko å gjere i klasserommet, medan andre igjenn meinar sosiale medier som facebook er framtida, og dermed ikkje bør eksluderast frå undervisninga. Personleg er eg einig med Peder Haug, da Facebook byr på mange fristelsar som kan styre elevens konsentrasjon vekk ifrå undervisninga. 
På forelesninga vart det også teke opp eit omfattande sosialt problem knytt til sosiale medier, nemleg digital mobbing. Sosiale medier byr på mykje positivt, men blir også ein ny arena for mobbing, til fordel for mobbaren då det ikkje alltid er like lett å oppdage mobbinga. Mobbaren kan bortimot vere anonym, og mobbinga skjer på ein arena der dei voksne ikkje har like stor kontroll. 
Eg meinar denne debatten er langt viktigare og bør ha meir fokus, enn spørsmålet om korleis ein kan nytte sosiale medier i ein pedagogisk samanheng.