tirsdag 17. april 2012

Informasjonskompetanse eller interesse for dataspel?

I leksjonen "Informasjonskompetanse" av Ivar John Erdal blir studenten utfordra til å reflektere kring elevens informasjonskompetanse. Det blir til stadig uttrykt at dei unge kan mykje meir med data enn dei eldre, og foreldre føler den digitale arena er ein plattform der foreldra mistar kontrollen over borna sine, noko eg har gått djupare inn på i blogginnlegget om digital arena.

Eg er einig i at det kan vere lett for foreldre å misse kontrollen over kva borna bedriv tida si med når dei sit på PC eller med mobiltelefon. Eg vil derimot ikkje seie at dei unge har høgare informasjonskompetanse enn dei eldre. Mi erfaring er at elevane gjerne er raske og flinke til å finne fram i Windows, og på kjente nettsider som Youtube og Facebook, men derimot å ta i bruk akademiske program og kjelder er det verre med. Dette er noko elevane ikkje har lært, trur eg. Det kan vere at elevane har høgare digital kompetanse enn dei eldre, då dei har vakse opp med dei digitale hjelpemidla, men dei har likevell berre lært det dei sjølve har kome fram til av eiga interesse, og den interessa ligg nær dataspeling og sosiale medie. Dei som derimot ikkje har denne interessa har gjerne ikkje betre digital kompetanse enn generasjonen over. Informasjonskompetanse er likevell noko anna enn digital kompetanse, og her ligg eit stort skilje hjå elevane, etter mi erfaring. Så eg vil seie at dei unge som har vakse opp med dei digitale hjelpemidla gjerne vil forstå betre og finne fram raskare digitalt, men om informasjonskompetansen deira er større, er eg heller skeptisk til.

I fylgje forskinga som blir presentert i leksjonen "Informasjonskompetanse" har ikkje dei unge nødvendigvis større informasjonskompetanse enn dei eldre, sjølv om dei gjerne er flinke til å bruke datamaskiner og søkemotorer. Forskarane bak rapporten frå UCL hevdar at unge ofte har problem med å definere informasjonsbehovet sitt, dei har ingen klar søkestrategi og dei har liten evne til kritisk vurdering kring kjeldebruk. Dette er også mi erfaring med elevar både på barne- og ungdomskule.

Høivik (2008) hevdar dei voksne krev for mykje av elevane i dag, og argumenterar med at skulen i staden for å drive med generell opplæring i informasjonslæring og kjeldekritikk, bør sørge for konkret trening og støtte til gode praktisk rutinar i læringsarbeidet.

Det kan vere noko å tenke på..

Kjelder:
Ivar John Erdal, 2012
       Informasjonskompetanse - DKL102 våren 2012
        https://fronter.com/hivolda/links/files.phtml/195835340$399421416$/RomArkiv/6.+Veke+10-   12_prcent_3A+Informasjonskompetanse/V12_DKL102_Informasjonskompetanse1.pdf


Høivik, T (2008): "Fire veier til kvalitet -Informasjonssøking og kvalitetssikring i en digital
skole", Dansk Biblioteksforskning årg. 4, nr. 1.

mandag 16. april 2012

Digital oppdraging

Eg hugsar DOS. Den tida då ein måtte taste inn dei mest avanserte koder for å få tilgong til eit skarve dataspel. "C:/spill/duke" var ei mykje nytta kode som på mirakuløst vis gav ein 7-åring litt avkopling frå den elles travle kvardag. Då var det Duke Nukem som var helten, og gleda over å sjå denne figuren i 2D springe rundt på skjermen, med pistolen klar på "ALT GR" var enorm. Dette var barna på 90-tallets første møte med den digitale verden og dets moglegheiter vi berre sovidt kunne forstå noko av. 
 
Elles minnast eg også fyrste møte med internettet, og modemet Ein bråkete boks som lagde merkelige lydar, og som sette fasttelefonen ut av spel, om ein var pålogga. På den tid måtte ein planleggje når ein ville sitje på nettet. Eg for min del såg inga anna nyttefunksjon enn chatteprogramma mIRC og SOL-chat, sistnemt som førebels er oppegåande. Det var heller ikkje så mykje å finne på nettet, det gjekk tregt, og søkemotoren "google" var enno ikkje klar for dagens lys, så eg hugsar det var tungvindt å finne fram til noko nyttig stoff. Dermed var det verste eg visste om vi fekk prosjektarbeid på skulen, der internett måtte nyttast. 

Heldigvis/uheldigvis har internettet og den digitale verdenen kome nokre steg vidare. Elevane har søkemotorar og internett så kjappe og gode at dei kan finne fram til millionar av artiklar og bilete på kort tid. Derimot er også avkoplingsmoglegheitene mange og varierte. Facebook, Twitter, 123spill etc. Dette er lærarens verste fiende i kampen om å halde elevane på den rette sti mot kunnskap. I motsetnad til min generasjon, då mobiltelefon berre var for dei heldige få, og baud ikkje på mykje anna enn ringing og sms, blir ikkje dagens unge fødde med ski på beina, men med mobiltelefon i handa. 

Ein kan spørje seg kor positiv utviklinga er. Dagens unge er utvilsomt meir opplyste enn vi sjølve var på deira alder, då nyhende og kultur blir spreidde kjapt via mobiltelefonar og pc. Derimot påpeikar Lila Marie Moberg (2012) i leksjonen "Barn og unges digitale arena" at foreldra mistar meir og meir kontroll over kva borna bedriv tida si med. Den digitale arena er ein arena for unge, der dei voksne trår nærmast blinde på ukjent jord. Dei unge har funne ein foreldrefri arena, eit rom for andre reglar og lover enn i heimen. Dei har tilgang til heile verda, og stoff som kanskje ikkje alltid er meint for alles auge. Internettet tilbyr store moglegheiter, men også store farer for dei unge. 

Digital mobbing er eit heller nytt omgrep, som stadig får større fokus. Stadig fleire rammast av dette fenomenet, og dette er også vorte rapportert som årsak til sjølvmord. Digital arena er ein arena uten den samme form for kontroll som ein møter i det daglege liv. Kanskje har utviklinga gått ein tanke for fort i forhald til sikkerheit? Eller kanskje det er opp til kvar einskild forelder å skaffe oversikt over bornas digitale aktivitet? 

Er oppdraginga på god veg til å bli digitalisert? Kanskje? Er dette negativt? Om bornet har moglegheit til å møte verda gjennom ein skjerm, bør det nok halde godt fast i handa til mor eller far. Om oppdraginga blir digitalisert, der bornet ferdast åleine i ei digital verd, trur eg det vil oppstå problem, men om bornet blir oppdratt i den digitale verden, med mor, far eller lærar som vegvisar, vil ikkje berre bornet lære seg rett bruk av dette geniale hjelpemiddelet, men dei vaksne vil gå saman med bornet og lære på same måte som bornet, og til stadig ha kontroll. 

Berre nokre tankar...

Kjelde:
Lila Marie Moberg, Kjartan Bjorøy (2012)
          Leksjon Barn og unges digitale arena. Volda.

Leksjon "

fredag 13. april 2012

Digitale verkty i tilpassa opplæring

Tilpassa opplæring er eit overordna mål i norsk skule. Alle
elevane har rett til opplæring på sitt nivå og tilpassa sine
føresetnader. IKT har eit større potensiale enn det skulen
generelt har gjort seg nytte av. Utfordringa er å sjå når dette
verktøyet kan kome til sin rett.
(Kjartan Bjorøy, 2012)


Retten til tilpassa opplæring er faktisk forankra til i opplæringslova og i prinsipp for opplæringa. I fylgje Kunnskapsløftet (2006). Skulen skal ha rom for alle, og lærarane må derfor ha blikk for den einskilde.
Undervisninga må tilpassast ikkje berre til fag og stoff, men også til alderstrinn og utviklingsnivå, til den einskilde eleven og den samansette klassa.

Korleis kan digitale verkty verne om dette? I ei klasse eg ein gong var lærar i var det ei jente som hadde dårleg hørsel. I staden for å ta denne elles vel fungerande jenta ut av klasserommet, bort frå venene sine, la skulen opp til at rammene for undervisninga heller skulle endrast. Då tok dei i bruk mikrofonar og lydannlegg, slik at all aktivitet i undervisninga skjedde via mikrofonar og høytalarannlegg. Både elev og lærar nytta mikrofonen, og det vart etter kvart heilt naturleg for alle, og eleven med hørselhemming fekk delta på same måte som alle andre.

Om dette var særleg digitalt eller ikkje var det iallefall eit teknisk hjelpemiddel, og meget kreativt. Bjarnø, Giæver, Johannesen og Øgrim (2009, s. 142) skil mellom tre ulike hovedtypar av digitale læringsressursar:


- standardprogrammer (f.eks. teksthandsamar, regneark og presentasjonsverktøy),
- pedagogiske program (fagleg retta program og kontekstfrie program)
- faglege ressurssider som ikkje er utvikla for undervisning.

Ein blind person kan til dømes nytte PC for å gjere kvardagen og læringa letttare. Programmet Cicero gir brukaren moglegheit til å få lest opp for seg tekst ein scanner inn. Programmet seier ifrå om brukaren har lagt dokumentet rett inn, og les deretter opp det som står.
Eit anna program som kan gjere kvardagen til læraren som har med blinde elevar å gjere lettare er Duxbury DBT. Dette programmet konverterer svart skrift til punktskrift. (www.tagarno.no)

Dei digitale verktya er mange og hjelpsomme, også med tanke på tilpassa opplæring. Tilpassa opplæring og bruk av digitale verkty er begge mykje omtalt i Kunnskapsløftet 06. Om ein tenkar kreativt og har ein liten innsikt i kva moglegheiter den digitale verdenen kan by på vil ein vere i stand i å ta vare på den tilpassa opplæringa også via digitale verkty.

Kjelder:
www.tagarno.no
http://www.tagarno.no/FORSIDE/PRODUKTER/SYN/HJEM/PRODUKTSIDER/PRODUKTER/BLIND.aspx


Bjarnø, Giæver, Johannesen og Øgrim (2009) DidIKTikk - digital kompetanse i praktisk undervisning, Oslo, Fagbokforlaget

Læreplanen for Kunnskapsløftet 2006

Kjartan Bjorøy 2012
        Leksjon om tilpassa opplæring og IKT.

Mindomo - Din tanke er fri

I dagens samfunn har teknologien til de grader nådd skulen. Stadig fleire hjelpemidler står til disposisjon for eleven. No kan eleven til og med lage digitale tankekart. Dette var nytt for meg. Eg brukar å lage tankekart på eit vanleg A4-ark, noko som set visse rammer, som til dømes begrensa plass. Digitale tankekart løyser dette problemet. Digitale tankekart gir også høve for å leggje inn bilder frå eige bibliotek, samt nettet. Ein kan også dele tankekartet med andre.

Tankekarta kan vere nyttige som digitale notatblokker. Om ein sit på ei forelesning t.d. har eg ofte nytta ark frå ringperm. Problemet med dette er orden og gjenbruksverdien, som begge er dårlege. Arka blir borte, pennen skriver dårleg etc. Om ein nyttar digitale tankekart kan ein lagre dei og då ta dei fram seinare. Dei er også oversiktlege og ubegrensa plass. Tankekarta visualiserer også fakta. Dette kan hjelpe ein til å få betre oversikt og innsikt i det ein skal lære.

Der er ulike tankekart ein kan nytte, og Mac har sin eigen Mind Node. Eg har vorte introdusert for Mindomo, og tykjer dette er eit godt alternativ.

Mindomo vart etablert i 2007. Programmet tilbyr ein gratis avgrensa versjon og ein fullstendig versjon mot lisens. I gratisversjonen får du vedlikehalde 3 ulike tankekart, medan verktyet blir avgrensa. Du får til dømes ikkje tilgang til funksjonen rettskriving. Mindomo tilbyr uregistrerte brukarar å sjå på ulike tankekart, medan registrerte brukarar får produsere og dele eigne tankekart. Eit alternativ kunne jo vere at læraren betalar lisens, medan elvevane nyttar gratisversjonen, då ein i mange samansettingar kjem langt nok med den. Kanskje somme elevar blir inspirert og vil betale avgifta for å få tilgang til alt Mindomo har å tilby. 


Kjelder:
www.mindomo.com

Kjell Antvort, 2012
         Leksjon i tankeverkty - DKL 102



torsdag 1. mars 2012

Animasjon

Denne samlinga tok føre seg bruk av animasjon i ein læringssituasjon. Vi fekk også i oppgåve å lage ein animasjonsfilm. Torsdag fekk vi sjå ein animasjonsfilm som ei 1. klasse hadde laga. Her hadde dei teke utgangspunkt i historia om "Flekkmonsteret". Dei tok bilete av kvarandre, meir eller mindre utkledd, og dernest hadde dei spelt inn replikkar, som dei la til biletet. Dette fungerte veldig bra.

Digitale forteljingar er ein metode for å aktivt å anvende språk og få erfaring med å gi uttrykk for egne meninger, prøve ut et argument, forklare eller fortelle. Animasjonsfilm kan vere ein fin læringsaktivitet.
Å lage ein slik film krev ein planleggingsprosess der alt startar med ein idè, premiss - påstanden som skal visast gjennom filmens handling og hovudkarakterens utvikling, og pitch - kjernespørsmåla handlinga skal byggje på.
Deretter må ein ha ein viss handlingsstruktur eller kurve om ein vil, ein dramaturgi. Her planlegg ein byrjing, oppståing og utvikling av konflikt og til slutt ei avslutning. Dernest utarbeidar ein eit manuskript med handling og replikker, eit dokument som skal vere godt utarbeida og brukast i arbeidet. Så er tida inne for å lage eit storyboard, der alle bildene i filmfortellinga er teikna. Ein noterer lyden ved sida av bileta slik at ein veit kva lyd ein skal kople til kva bilete. Det er også vanleg å lage ei dreiebok for å få oversikt over alle scenene som skal animeres og alt som foregår der. Denne dreieboka består berre av ord. Ein kan lage ei opptaksbok for den del, for å huske på kva som skal skje når animasjonsscener blir spelt inn.


Til slutt kan ein skrive eit refleksjonsnotat og stille seg fylgjande spørsmål:

• Eg valte denne arbeidsforma fordi:
• Eg valte å presentera fordi:
• Dette syntest eg var vanskeleg/lett fordi:
• Dette gjorde eg for å læra:
• Dette har eg lært:
• Eg nådde/nådde ikkje måla mine fordi

Praksis, eit turnmareritt og arbeidskrav til halsen

No er det ei stund sidan sist, og det har sine grunnar.

3 hektiske veke i praksis, etterfulgt av eit dramatisk brudd, sjukmelding i 6 veke, og arbeidskrav opp til halsen! Grunn nok?

Praksis var ei lærerik tid som baud på både utfordringar, oppturar og til slutt nedtur. Elevane var flotte og oppførte seg eksemplarisk, og lysta på yrke blomstra. Så kom ein heilt vanleg gymtime traskande forbi. Klassa var meir glade i turn enn meg, så eg gjennomførte nok ein turn time. Noko eg ikkje hadde føresett var at dette skulle bli min siste. I det eg med all min prakt skulle sveve over bukken, for å vise korleis det skulle gjerast, høyrte eg eit smell, og kjente ein intens smerte. Når eg såg på arma mi var den ikkje rak og rett, men såg meir ut som en hallbrun bana. Det skulle vise seg at både ulma og radius, dei to underarmsbeina, var brotne. Dette resulterte i ein tur på operasjonsbordet.
I gymsalen derimot gjekk det vilt for seg, vart eg fortalt i ettertid for eg sjølv sprang frå klassa og bort til kontordama med den brotne handa i været. 2 spydde momentant, og 1 besvimte og resten grein. Heile neste time gjekk visst med til å roe og trøste elevane, så det vart eit enda større styr enn eg hadde førestilt meg.


I 2 veker var eg fullstendig inaktiv, og det først i dag eg greier å skrive utan smerte. Eg er sjukmeldt 4 veker til og somme dagar er verre enn andre. Eg håpar berre at alt gror fint og at eg snart blir meg sjølv att.

I mellomtida har mine medstudentar på musikk hatt undervisning, og arbeidskrav i fleng. Eg tykkjer det er dårleg lagt opp med praksis i 3. året fordi det blir ikkje samkøyrt med dei andre faga vi tek. Forige praksis ringte læraren min meg opp og var bekymra fordi ho ikkje hadde sett meg på ei stund. Då er komunikasjonen for dårleg. Eg har fortsatt mykje fråvær, sjølv om alt fråværet er i fra då eg var i praksis. Eg håpar dette vil ordne seg.
I dag har eg jobba med arbeidskrav og er ferdig med det meste, deilig!

fredag 13. januar 2012

Samanlikning av tre sosiale medier - ei reise i moglegheiter

Dag to av årets første samling i DKL fekk vi nye utfordringar å overvinne. Eg, Rasmus og Ådne bega oss ut på djupt vatn når vi skulle ta eit dykk i dei sosiale media sine verkemiddel og funksjonar. Ta ein kik og sjå kva vi fann av digitale skattar:

Samanlikning av tre sosiale medier