torsdag 12. januar 2012

Sosialt web - Ein digital arena for mobbing?

Jula er over og eit nytt semester er i gang. Det første innlegget er ifrå den første samlinga der temaet var sosial web.


Hontvedt (2008) definerer sosialt web som ein stad på Internett for produksjon, deling, distribusjon av informasjon og medieinnhald. 
Eit anna begrep som vert brukt om dette, er altså "Web 2.0". Dette begrepet innebærer ikkje nokon ny versjon av internett, men viser til at brukarar og utviklarar har byrja å sjå på nettet på ein ny måte. 


Sosiale medier er til dømes Nettby, Blink, Twitter og Facebook. Sistnemte er ein nettstad som gir moglegheit for sosial interaksjon over nett, ved bruk av digitale verkty. Her kan brukerane sende kvarandre mail, chatte, dele bilete, opprette statusoppdateringar, og på denne måten bli kjent med andre, samt halde kontakt med gamle kjente. 


På forelesninga vart det diskutert i kor stor grad dei sosiale media er føremålstenlege for undervisninga. I fylgje Peder Haug har ikkje facebook noko å gjere i klasserommet, medan andre igjenn meinar sosiale medier som facebook er framtida, og dermed ikkje bør eksluderast frå undervisninga. Personleg er eg einig med Peder Haug, da Facebook byr på mange fristelsar som kan styre elevens konsentrasjon vekk ifrå undervisninga. 
På forelesninga vart det også teke opp eit omfattande sosialt problem knytt til sosiale medier, nemleg digital mobbing. Sosiale medier byr på mykje positivt, men blir også ein ny arena for mobbing, til fordel for mobbaren då det ikkje alltid er like lett å oppdage mobbinga. Mobbaren kan bortimot vere anonym, og mobbinga skjer på ein arena der dei voksne ikkje har like stor kontroll. 
Eg meinar denne debatten er langt viktigare og bør ha meir fokus, enn spørsmålet om korleis ein kan nytte sosiale medier i ein pedagogisk samanheng. 


1 kommentar:

  1. Svært godt innlegg Andreas. Eg likar spesielt det du skriv om Peder Haug, og eg føyer med inn i rekka som er enige med han. Eg er også einig i at debatten rundt digital mobbing er langt viktigare, som eg sjølv har skrive litt om i mitt innlegg.

    SvarSlett