Digitale forteljingar er ein metode for å aktivt å anvende språk og få erfaring med å gi uttrykk for egne meninger, prøve ut et argument, forklare eller fortelle. Animasjonsfilm kan vere ein fin læringsaktivitet.
Å lage ein slik film krev ein planleggingsprosess der alt startar med ein idè, premiss - påstanden som skal visast gjennom filmens handling og hovudkarakterens utvikling, og pitch - kjernespørsmåla handlinga skal byggje på.
Deretter må ein ha ein viss handlingsstruktur eller kurve om ein vil, ein dramaturgi. Her planlegg ein byrjing, oppståing og utvikling av konflikt og til slutt ei avslutning. Dernest utarbeidar ein eit manuskript med handling og replikker, eit dokument som skal vere godt utarbeida og brukast i arbeidet. Så er tida inne for å lage eit storyboard, der alle bildene i filmfortellinga er teikna. Ein noterer lyden ved sida av bileta slik at ein veit kva lyd ein skal kople til kva bilete. Det er også vanleg å lage ei dreiebok for å få oversikt over alle scenene som skal animeres og alt som foregår der. Denne dreieboka består berre av ord. Ein kan lage ei opptaksbok for den del, for å huske på kva som skal skje når animasjonsscener blir spelt inn.
Til slutt kan ein skrive eit refleksjonsnotat og stille seg fylgjande spørsmål:
• Eg valte denne arbeidsforma fordi:
• Eg valte å presentera fordi:
• Dette syntest eg var vanskeleg/lett fordi:
• Dette gjorde eg for å læra:
• Dette har eg lært:
• Eg nådde/nådde ikkje måla mine fordi