torsdag 1. mars 2012

Animasjon

Denne samlinga tok føre seg bruk av animasjon i ein læringssituasjon. Vi fekk også i oppgåve å lage ein animasjonsfilm. Torsdag fekk vi sjå ein animasjonsfilm som ei 1. klasse hadde laga. Her hadde dei teke utgangspunkt i historia om "Flekkmonsteret". Dei tok bilete av kvarandre, meir eller mindre utkledd, og dernest hadde dei spelt inn replikkar, som dei la til biletet. Dette fungerte veldig bra.

Digitale forteljingar er ein metode for å aktivt å anvende språk og få erfaring med å gi uttrykk for egne meninger, prøve ut et argument, forklare eller fortelle. Animasjonsfilm kan vere ein fin læringsaktivitet.
Å lage ein slik film krev ein planleggingsprosess der alt startar med ein idè, premiss - påstanden som skal visast gjennom filmens handling og hovudkarakterens utvikling, og pitch - kjernespørsmåla handlinga skal byggje på.
Deretter må ein ha ein viss handlingsstruktur eller kurve om ein vil, ein dramaturgi. Her planlegg ein byrjing, oppståing og utvikling av konflikt og til slutt ei avslutning. Dernest utarbeidar ein eit manuskript med handling og replikker, eit dokument som skal vere godt utarbeida og brukast i arbeidet. Så er tida inne for å lage eit storyboard, der alle bildene i filmfortellinga er teikna. Ein noterer lyden ved sida av bileta slik at ein veit kva lyd ein skal kople til kva bilete. Det er også vanleg å lage ei dreiebok for å få oversikt over alle scenene som skal animeres og alt som foregår der. Denne dreieboka består berre av ord. Ein kan lage ei opptaksbok for den del, for å huske på kva som skal skje når animasjonsscener blir spelt inn.


Til slutt kan ein skrive eit refleksjonsnotat og stille seg fylgjande spørsmål:

• Eg valte denne arbeidsforma fordi:
• Eg valte å presentera fordi:
• Dette syntest eg var vanskeleg/lett fordi:
• Dette gjorde eg for å læra:
• Dette har eg lært:
• Eg nådde/nådde ikkje måla mine fordi

2 kommentarer:

  1. Du har skreve godt om prosessen rundt det å lage ein animasjonsfilm. Ein gløymer gjerne at både forarbeid og etterarbeid er minst like viktig som å lage sjølve filmen. Utan eit manus som er godt gjennomtenkt vert det fort vanskeleg å lage ein film.

    Refleksjonsspørsmåla var gode, og eg trur det er viktig for elevane å starte tidleg med slik refleksjon. Då er dei betre rusta når dei kjem lenger opp i skulesystemet, og mykje av undervisninga krev slik refleksjon.

    SvarSlett
  2. Her synast eg du forklarar kort og presist om prosessen som ligg bak ein animasjonsfilm, bra!
    Men som Oline kommenterer så må ein ikkje gløyme både forarbeid og etterarbeid. Riktignok har du med etterarbeid gjennom refleksjonsspørsmål, men kunne ein brukt dette i forarbeidet også? Spørsmål som t.d.: Kvifor har du valgt den arbeidsforma du har gjort? Korleis skal prosessen fram mot ferdig animasjonsfilm vere?

    Berre ein tanke..

    SvarSlett