fredag 13. april 2012

Mindomo - Din tanke er fri

I dagens samfunn har teknologien til de grader nådd skulen. Stadig fleire hjelpemidler står til disposisjon for eleven. No kan eleven til og med lage digitale tankekart. Dette var nytt for meg. Eg brukar å lage tankekart på eit vanleg A4-ark, noko som set visse rammer, som til dømes begrensa plass. Digitale tankekart løyser dette problemet. Digitale tankekart gir også høve for å leggje inn bilder frå eige bibliotek, samt nettet. Ein kan også dele tankekartet med andre.

Tankekarta kan vere nyttige som digitale notatblokker. Om ein sit på ei forelesning t.d. har eg ofte nytta ark frå ringperm. Problemet med dette er orden og gjenbruksverdien, som begge er dårlege. Arka blir borte, pennen skriver dårleg etc. Om ein nyttar digitale tankekart kan ein lagre dei og då ta dei fram seinare. Dei er også oversiktlege og ubegrensa plass. Tankekarta visualiserer også fakta. Dette kan hjelpe ein til å få betre oversikt og innsikt i det ein skal lære.

Der er ulike tankekart ein kan nytte, og Mac har sin eigen Mind Node. Eg har vorte introdusert for Mindomo, og tykjer dette er eit godt alternativ.

Mindomo vart etablert i 2007. Programmet tilbyr ein gratis avgrensa versjon og ein fullstendig versjon mot lisens. I gratisversjonen får du vedlikehalde 3 ulike tankekart, medan verktyet blir avgrensa. Du får til dømes ikkje tilgang til funksjonen rettskriving. Mindomo tilbyr uregistrerte brukarar å sjå på ulike tankekart, medan registrerte brukarar får produsere og dele eigne tankekart. Eit alternativ kunne jo vere at læraren betalar lisens, medan elvevane nyttar gratisversjonen, då ein i mange samansettingar kjem langt nok med den. Kanskje somme elevar blir inspirert og vil betale avgifta for å få tilgang til alt Mindomo har å tilby. 


Kjelder:
www.mindomo.com

Kjell Antvort, 2012
         Leksjon i tankeverkty - DKL 102



1 kommentar:

  1. Flott Andreas.
    Du viser til fleire positive sider med digitale tankekart, noko eg for så vidt er einig i. Men eg meinar og det er greit å sjå litt på dei "negative" sidene med slike digitale tankekart. Eg vel å vise til mitt blogginnlegg "Mindomo - Effektivt eller tungvint?" (http://gausemel.blogspot.com/2012/02/mindomo-effektivt-eller-tungvint.html)

    Her skriv eg blant anna: "Minuset er sjølvsagt at det tar meir tid og ressursar å skulle bruke datamaskin til tankekart kvar gong ein vil bruke denne strategien. I mange skular tar det tid om ein skal logge seg på datamaskiner og få alle klare, derfor trur eg mange droppar det av denne grunnen. Det er liksom så mykje enklare å be elevane om å lage ein sirkel på eit ark og lage stikkord rundt den igjen. Det er fort gjort!"

    Eg er enig i det du skriv, men ville berre påpeike at i skulane i dag kan digitale tankekart også bli ei utfordring, og slik sett gjer det meir tungvint enn det er effektivt.

    SvarSlett