mandag 16. april 2012

Digital oppdraging

Eg hugsar DOS. Den tida då ein måtte taste inn dei mest avanserte koder for å få tilgong til eit skarve dataspel. "C:/spill/duke" var ei mykje nytta kode som på mirakuløst vis gav ein 7-åring litt avkopling frå den elles travle kvardag. Då var det Duke Nukem som var helten, og gleda over å sjå denne figuren i 2D springe rundt på skjermen, med pistolen klar på "ALT GR" var enorm. Dette var barna på 90-tallets første møte med den digitale verden og dets moglegheiter vi berre sovidt kunne forstå noko av. 
 
Elles minnast eg også fyrste møte med internettet, og modemet Ein bråkete boks som lagde merkelige lydar, og som sette fasttelefonen ut av spel, om ein var pålogga. På den tid måtte ein planleggje når ein ville sitje på nettet. Eg for min del såg inga anna nyttefunksjon enn chatteprogramma mIRC og SOL-chat, sistnemt som førebels er oppegåande. Det var heller ikkje så mykje å finne på nettet, det gjekk tregt, og søkemotoren "google" var enno ikkje klar for dagens lys, så eg hugsar det var tungvindt å finne fram til noko nyttig stoff. Dermed var det verste eg visste om vi fekk prosjektarbeid på skulen, der internett måtte nyttast. 

Heldigvis/uheldigvis har internettet og den digitale verdenen kome nokre steg vidare. Elevane har søkemotorar og internett så kjappe og gode at dei kan finne fram til millionar av artiklar og bilete på kort tid. Derimot er også avkoplingsmoglegheitene mange og varierte. Facebook, Twitter, 123spill etc. Dette er lærarens verste fiende i kampen om å halde elevane på den rette sti mot kunnskap. I motsetnad til min generasjon, då mobiltelefon berre var for dei heldige få, og baud ikkje på mykje anna enn ringing og sms, blir ikkje dagens unge fødde med ski på beina, men med mobiltelefon i handa. 

Ein kan spørje seg kor positiv utviklinga er. Dagens unge er utvilsomt meir opplyste enn vi sjølve var på deira alder, då nyhende og kultur blir spreidde kjapt via mobiltelefonar og pc. Derimot påpeikar Lila Marie Moberg (2012) i leksjonen "Barn og unges digitale arena" at foreldra mistar meir og meir kontroll over kva borna bedriv tida si med. Den digitale arena er ein arena for unge, der dei voksne trår nærmast blinde på ukjent jord. Dei unge har funne ein foreldrefri arena, eit rom for andre reglar og lover enn i heimen. Dei har tilgang til heile verda, og stoff som kanskje ikkje alltid er meint for alles auge. Internettet tilbyr store moglegheiter, men også store farer for dei unge. 

Digital mobbing er eit heller nytt omgrep, som stadig får større fokus. Stadig fleire rammast av dette fenomenet, og dette er også vorte rapportert som årsak til sjølvmord. Digital arena er ein arena uten den samme form for kontroll som ein møter i det daglege liv. Kanskje har utviklinga gått ein tanke for fort i forhald til sikkerheit? Eller kanskje det er opp til kvar einskild forelder å skaffe oversikt over bornas digitale aktivitet? 

Er oppdraginga på god veg til å bli digitalisert? Kanskje? Er dette negativt? Om bornet har moglegheit til å møte verda gjennom ein skjerm, bør det nok halde godt fast i handa til mor eller far. Om oppdraginga blir digitalisert, der bornet ferdast åleine i ei digital verd, trur eg det vil oppstå problem, men om bornet blir oppdratt i den digitale verden, med mor, far eller lærar som vegvisar, vil ikkje berre bornet lære seg rett bruk av dette geniale hjelpemiddelet, men dei vaksne vil gå saman med bornet og lære på same måte som bornet, og til stadig ha kontroll. 

Berre nokre tankar...

Kjelde:
Lila Marie Moberg, Kjartan Bjorøy (2012)
          Leksjon Barn og unges digitale arena. Volda.

Leksjon "

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar