tirsdag 17. april 2012

Informasjonskompetanse eller interesse for dataspel?

I leksjonen "Informasjonskompetanse" av Ivar John Erdal blir studenten utfordra til å reflektere kring elevens informasjonskompetanse. Det blir til stadig uttrykt at dei unge kan mykje meir med data enn dei eldre, og foreldre føler den digitale arena er ein plattform der foreldra mistar kontrollen over borna sine, noko eg har gått djupare inn på i blogginnlegget om digital arena.

Eg er einig i at det kan vere lett for foreldre å misse kontrollen over kva borna bedriv tida si med når dei sit på PC eller med mobiltelefon. Eg vil derimot ikkje seie at dei unge har høgare informasjonskompetanse enn dei eldre. Mi erfaring er at elevane gjerne er raske og flinke til å finne fram i Windows, og på kjente nettsider som Youtube og Facebook, men derimot å ta i bruk akademiske program og kjelder er det verre med. Dette er noko elevane ikkje har lært, trur eg. Det kan vere at elevane har høgare digital kompetanse enn dei eldre, då dei har vakse opp med dei digitale hjelpemidla, men dei har likevell berre lært det dei sjølve har kome fram til av eiga interesse, og den interessa ligg nær dataspeling og sosiale medie. Dei som derimot ikkje har denne interessa har gjerne ikkje betre digital kompetanse enn generasjonen over. Informasjonskompetanse er likevell noko anna enn digital kompetanse, og her ligg eit stort skilje hjå elevane, etter mi erfaring. Så eg vil seie at dei unge som har vakse opp med dei digitale hjelpemidla gjerne vil forstå betre og finne fram raskare digitalt, men om informasjonskompetansen deira er større, er eg heller skeptisk til.

I fylgje forskinga som blir presentert i leksjonen "Informasjonskompetanse" har ikkje dei unge nødvendigvis større informasjonskompetanse enn dei eldre, sjølv om dei gjerne er flinke til å bruke datamaskiner og søkemotorer. Forskarane bak rapporten frå UCL hevdar at unge ofte har problem med å definere informasjonsbehovet sitt, dei har ingen klar søkestrategi og dei har liten evne til kritisk vurdering kring kjeldebruk. Dette er også mi erfaring med elevar både på barne- og ungdomskule.

Høivik (2008) hevdar dei voksne krev for mykje av elevane i dag, og argumenterar med at skulen i staden for å drive med generell opplæring i informasjonslæring og kjeldekritikk, bør sørge for konkret trening og støtte til gode praktisk rutinar i læringsarbeidet.

Det kan vere noko å tenke på..

Kjelder:
Ivar John Erdal, 2012
       Informasjonskompetanse - DKL102 våren 2012
        https://fronter.com/hivolda/links/files.phtml/195835340$399421416$/RomArkiv/6.+Veke+10-   12_prcent_3A+Informasjonskompetanse/V12_DKL102_Informasjonskompetanse1.pdf


Høivik, T (2008): "Fire veier til kvalitet -Informasjonssøking og kvalitetssikring i en digital
skole", Dansk Biblioteksforskning årg. 4, nr. 1.

2 kommentarer:

  1. Her skriv du fint om informasjonskompetanse. Eg er einige med deg om at dei yngre har gode måtar og kjennskap til korleis dei kan søke og finne fram informasjon. Dei har ein interesse i dette, og dermed er det spennande for dei med ny kunnskap. Men å gjere seg nytte av den kunnskapen dei finn, er eg ikkje sikker på alle kan og veit korleis dei skal gjere. Her er det viktig for oss som er lærar å gje dei den kunnskapen dei treng for å sile mellom god og dårleg info, korleis bruke søkemotorar( td Store Norske Leksikon før ein bruker Wikipedia osv). Er ikkje sikker på om eg er einige om vi krev for mykje av dei, dei har eit heilt anna utgangspunkt no enn det vi hadde for 20 år sia, med maskiner, program og net tilgang som er av ei anna verd i forhold til det eg vaks opp med.

    SvarSlett
  2. Eg synast du belyser fleire gode poeng kring informasjonskompetanse. Det eg ser som lærar på ungdomsskule er at elevar kjenner til mange ulike nettsider og måtar å finne informasjon, men dei slit veldig ofte med å vurdere kjeldene dei brukar. På den måten må vi som lærar sette fokus på kjeldebruk, lære elevane å vurdere kjeldene dei finn, samt at ein oppfordrar dei til å kunne bruke andre kjelder, som f.eks ei vanleg lærebok.
    Når det gjeld dataspeling, så ligg det ein stor fordel når elevar spelar over internett/online. Då er dei (som regel) nødt til å nytte engelsk, noko som hevar språkkompetansen deira i dette språket. Dette er sjølvsagt mest aktuelt for gutane.

    Flott Andreas!

    SvarSlett