I leksjonen "Informasjonskompetanse" av Ivar John Erdal blir studenten utfordra til å reflektere kring elevens informasjonskompetanse. Det blir til stadig uttrykt at dei unge kan mykje meir med data enn dei eldre, og foreldre føler den digitale arena er ein plattform der foreldra mistar kontrollen over borna sine, noko eg har gått djupare inn på i blogginnlegget om digital arena.
Eg er einig i at det kan vere lett for foreldre å misse kontrollen over kva borna bedriv tida si med når dei sit på PC eller med mobiltelefon. Eg vil derimot ikkje seie at dei unge har høgare informasjonskompetanse enn dei eldre. Mi erfaring er at elevane gjerne er raske og flinke til å finne fram i Windows, og på kjente nettsider som Youtube og Facebook, men derimot å ta i bruk akademiske program og kjelder er det verre med. Dette er noko elevane ikkje har lært, trur eg. Det kan vere at elevane har høgare digital kompetanse enn dei eldre, då dei har vakse opp med dei digitale hjelpemidla, men dei har likevell berre lært det dei sjølve har kome fram til av eiga interesse, og den interessa ligg nær dataspeling og sosiale medie. Dei som derimot ikkje har denne interessa har gjerne ikkje betre digital kompetanse enn generasjonen over. Informasjonskompetanse er likevell noko anna enn digital kompetanse, og her ligg eit stort skilje hjå elevane, etter mi erfaring. Så eg vil seie at dei unge som har vakse opp med dei digitale hjelpemidla gjerne vil forstå betre og finne fram raskare digitalt, men om informasjonskompetansen deira er større, er eg heller skeptisk til.
I fylgje forskinga som blir presentert i leksjonen "Informasjonskompetanse" har ikkje dei unge nødvendigvis større informasjonskompetanse enn dei eldre, sjølv om dei gjerne er flinke til å bruke datamaskiner og søkemotorer. Forskarane bak rapporten frå UCL hevdar at unge ofte har problem med å definere informasjonsbehovet sitt, dei har ingen klar søkestrategi og dei har liten evne til kritisk vurdering kring kjeldebruk. Dette er også mi erfaring med elevar både på barne- og ungdomskule.
Høivik (2008) hevdar dei voksne krev for mykje av elevane i dag, og argumenterar med at skulen i staden for å drive med generell opplæring i informasjonslæring og kjeldekritikk, bør sørge for konkret trening og støtte til gode praktisk rutinar i læringsarbeidet.
Det kan vere noko å tenke på..
Kjelder:
Ivar John Erdal, 2012
Informasjonskompetanse - DKL102 våren 2012
https://fronter.com/hivolda/links/files.phtml/195835340$399421416$/RomArkiv/6.+Veke+10- 12_prcent_3A+Informasjonskompetanse/V12_DKL102_Informasjonskompetanse1.pdf
Høivik, T (2008): "Fire veier til kvalitet -Informasjonssøking og kvalitetssikring i en digital
skole", Dansk Biblioteksforskning årg. 4, nr. 1.