Tankekarta kan vere nyttige som digitale notatblokker. Om ein sit på ei forelesning t.d. har eg ofte nytta ark frå ringperm. Problemet med dette er orden og gjenbruksverdien, som begge er dårlege. Arka blir borte, pennen skriver dårleg etc. Om ein nyttar digitale tankekart kan ein lagre dei og då ta dei fram seinare. Dei er også oversiktlege og ubegrensa plass. Tankekarta visualiserer også fakta. Dette kan hjelpe ein til å få betre oversikt og innsikt i det ein skal lære.
Der er ulike tankekart ein kan nytte, og Mac har sin eigen Mind Node. Eg har vorte introdusert for Mindomo, og tykjer dette er eit godt alternativ.
Mindomo vart etablert i 2007. Programmet tilbyr ein gratis avgrensa versjon og ein fullstendig versjon mot lisens. I gratisversjonen får du vedlikehalde 3 ulike tankekart, medan verktyet blir avgrensa. Du får til dømes ikkje tilgang til funksjonen rettskriving. Mindomo tilbyr uregistrerte brukarar å sjå på ulike tankekart, medan registrerte brukarar får produsere og dele eigne tankekart. Eit alternativ kunne jo vere at læraren betalar lisens, medan elvevane nyttar gratisversjonen, då ein i mange samansettingar kjem langt nok med den. Kanskje somme elevar blir inspirert og vil betale avgifta for å få tilgang til alt Mindomo har å tilby.
Kjelder:
www.mindomo.com
Kjell Antvort, 2012
Leksjon i tankeverkty - DKL 102
