torsdag 17. november 2011

3. Samling: Skype, Mindomo og Smartboard

Denne 3. og siste samlinga lærte vi fyrste dagen/kvelden vi om Skype (IP-telefoni), Mindomo (eit program for kreasjon av digitale tankekart) og digitale tavler (smart board).

Skype er eit dataprogram som brukast til IP-telefoni. Det vil seie at brukaren kan installere Skype på datamaskina, for så å opprette ein gratis brukerkonto. Deretter søker ein seg fram til kontoen til den personen ein vil ringe. Ein er altså avhengig av at den ein vil ringe har registrert ein skype-konto. Han må også vere pålogga Skype for å ta imot samtalen. Om personane som ringar kvarandre har web-kamera kan ein føre ein videosamtale, og dermed sjå kvarandre medan ein snakkar. Sidan samtalen skjer over Internett, er det ingen tilkoblingsavgift, ingen minuttpris og ingen abonnementskostnader. Skype blir dermed eit meget rimelig alternativ sammenlikna med vanlige telefonsamtalar. I tillegg til at brukerne kan ringe til kvarandre, har programmet også funksjonalitet for meldingsformidling, filoverføring, videosamtaler osv.

Mindomo er eit program der brukarane kan lage, sjå og dele tankekart over nettet. Programmet er gratis og kan vere eit godt hjelpemiddel for elevar som skal skrive ein stil eller andre store oppgåver. At dette skjer teknologisk er positivt med tanke på at ein har uendeleg med plass å skrive på, medan eit tankekart i konkret, fysisk kontekst er begrensa på eit A4-ark. Ein kan også dele dette kartet med andre, noko som er nyttig og til stor hjelp for mange. Ulempa kan vere at ein er avhengig av PC og ikkje minst internett. Det er ikkje alltid like god internettilkopling alle stadar, og sidan dette er eit program som er avhengig av eit nettverk kan dette vere ein ankileshel hos programmet.

Den digitale tavla (smartboard) er ei kvit tavle som er avhengig av ein videokanon (verdi 5000 kr.) som lyser på tavla. Då forvandlar den kvite livlause tavla seg til noko liknande ein dataskjerm. Ein nyttar tavla som ein touchscreen, i prinsippet same som ein iphone. Smartboardet har mange moglegheiter. Ein kan mellom anna nytte programmet SMART Notebook, eit program som høver seg godt i ei pedagogisk samanheng. Her har ein tilgang til mange ulike reiskap som ein kan bruke i undervisninga for å gjere den informativ, variert og engasjerande. Ein kan til dømes drage fram ei digital gradskive og måle vinklar, laste opp bilete, film og andre filer og dokumenter, bruke ein konkret penn som gir eit digital avtrykk på skjermen, nett som om ein hadde bruk ein ekte penn og teikna på tavla.

2 kommentarer:

  1. Eitt spennande innlegg Andreas. Du forklarar greit om alle tre programma. Fint at du reflekterar rundt fordelane og ulempene med programma. Kunne du skrive litt om dine eigne erfaringar med desse programma?

    SvarSlett
  2. Einig med Rasmus her. Kanskje du kunne skrive litt om korleis du ser for deg at du kan trekke desse tre verktøya inn i undervisninga?

    SvarSlett