torsdag 17. november 2011

Lyd: Audacity og den reddande engelen Power Audio Converter

Eg har nett skrive ei omfattande oppgåve kring bruken av lyd i ein pedagogisk samanheng. Her fekk vi i oppgåve å reflektere kring lyd som ein pedagogisk tekst i ei digital portefølje. I tillegg til refleksjonen skulle oppgåva innehalde ei sjølvlaga lydfil og bilete som også skulle redigerast. Eg kjem ikkje til å legge ut i det lange om mine "djupe" refleksjonar kring lyd her på bloggen, men skal prøve å legge ut lydfila.


Eg brukte Picasa for å redigere bileta, eit program eg allereie har greia ut om her. Eg måtte derimot bli kjent med eit nytt program då eg skulle redigere lyden, nemleg Audacity. Dette var eit brukarvenleg og enkelt program tykte eg. Mi kompetanse er sjølvsagt ikkje større enn at eg berre skumma overflata over kva dette programmet har å tilby av moglegheiter. Eg møtte likevel på eit problem då eg ville legge inn eit ekstra spor for lydkulissa, i tillegg til talesporet. Eg ville bruke eit sjølvkomponert musikkstykke som lydkulisse som skulle spelast av paralellet med talesporet. Fila eg spelte inn lagra seg i formatet MP4. Når eg prøvde å laste opp denne fila i Audacity fekk eg ei feilmelding fra programmet som sa at eg måtte konvertere fila til ei WAV-fil, då programmet ikkje kunne åpne MP4-fila.

Power Audio Converter

Dette var ille då produktet av den endelege lydfila sto og fallt på om eg klarte å åpne denne sjølvlaga musikkfila. Eg søkte febrilsk etter konverteringsprogram på nettet, og fann endeleg programmet Power Audio Converter. Dette programmet kosta pengar, men eg fekk ein gratis prøve, heldigvis! Eg opna lydfila, MP4, i dette, og fekk valet å konvertere den til MP3, WMA, M4A, AC3 og WAV.

Då eg hadde konvertert MP4-fila til WAV kunne eg opne den i Audacity og fekk redigert ferdig den endelege lydfila med talespor og lydkulisse.


1 kommentar:

  1. Eg sjønner godt utfordringane ein kan møte på når ein ikkje har brukt slike program før, og det kan bli et styr utan like med diverse filtyper, encoders og konverteringar. Personlig meinar eg at Audacity har sine svakheter som det også er uttrykt på andre bloggar, spesielt kanskje for oss som driv med musikk og lyd til vanlig.

    SvarSlett