Vi fekk også ta nokre bilete sjølv der vi eksperimenterte med høg og lav ISO, blender og lukkertid. Vi klarte å gjere objektet skarpt og omgjevelsane difuse, utan i det minste å røre eit redigeringsprogram. Eg hadde ikkje kamera sjølv, og gjekk dermed saman med Kjerstin og Rasmus. Saman tok vi nokre gode bilete, men eg har ikkje desse på maskina. Eg vil prøve å få tak i desse og legge dei ut her på bloggen.
Dagen derpå lærte Kjell oss Picasa 3 betre å kjenne. Moglegheitene her var enorme, og vi redigerte bilete i øst og vest. Dei raude augene vart det fort ein slutt på, og vi fekk dei nyaste og moderne bileta til å sjå ut som gamle slitte fotografiar i sepia og svart/kvit. Vi lærte også å redigere i eit program i Picasa som heitte Picninc. Her var moglegheitene enda større med forsterking av fargar, eller gjere dei mjukare/robuste/lomo-aktige etc. Dette var svært spanande! Eg legg ved eit bilete som eg har redigert i Picninc.
Her har eg forsterka fargane, beskjært og avrunda kantane
Vi fekk deretter i oppgåve å lage ein film ved å ta masse bilder og sette desse saman til ein film. Vi fekk instrukjson om at filmen burde handle om ein person som mangla noko, ein konflikt og eit resultat av konflikta. Eg, Rasmus og Kristian gjekk saman om oppgåva og dette vart resultatet:
Eitt flott bilete Andreas. Eg likar at du har runda hjørna i biletet ditt.
SvarSlettKunne du kanskje klart å runda hjørna utan at dei fekk den kvite delen? Det hadde gjort at bilde såg endå betre ut.
SvarSlett