Takk for siste får ein vel seia. Det er snart heile to månadar sidan eg førre gong var inne, og det er ein tanke urovekkande for meg då eg forhåpentlegvis skal fullføre desse 30 studiepoenga. Årsaka til mitt fråvær er ikkje heilt bevisst då eg har hatt problem dei gongane eg har funne tid til å logge meg på; anten var det problemer med nettverket, nettverkslesaren, eller til og med problemer med å logge seg på då "blogger.com" ikkje ville la meg logge på. I tillegg kjenner eg at 90 studiepoeng er noko krevjande, og innser eg verkeleg må stå på for å halde koken.
Etter nokre krumspring og litt haudebry fekk eg endeleg logga meg på. Med eit brennande engasjement vil eg no oppdatere bloggen i form av å seia litt om kva vi har gjort i DKL dette semesteret fram til no, og leggje ut nokre resultat og arbeidsmåtar frå dei ulike oppgåvene vi har løyst både individuelt og i grupper.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar