torsdag 1. mars 2012

Animasjon

Denne samlinga tok føre seg bruk av animasjon i ein læringssituasjon. Vi fekk også i oppgåve å lage ein animasjonsfilm. Torsdag fekk vi sjå ein animasjonsfilm som ei 1. klasse hadde laga. Her hadde dei teke utgangspunkt i historia om "Flekkmonsteret". Dei tok bilete av kvarandre, meir eller mindre utkledd, og dernest hadde dei spelt inn replikkar, som dei la til biletet. Dette fungerte veldig bra.

Digitale forteljingar er ein metode for å aktivt å anvende språk og få erfaring med å gi uttrykk for egne meninger, prøve ut et argument, forklare eller fortelle. Animasjonsfilm kan vere ein fin læringsaktivitet.
Å lage ein slik film krev ein planleggingsprosess der alt startar med ein idè, premiss - påstanden som skal visast gjennom filmens handling og hovudkarakterens utvikling, og pitch - kjernespørsmåla handlinga skal byggje på.
Deretter må ein ha ein viss handlingsstruktur eller kurve om ein vil, ein dramaturgi. Her planlegg ein byrjing, oppståing og utvikling av konflikt og til slutt ei avslutning. Dernest utarbeidar ein eit manuskript med handling og replikker, eit dokument som skal vere godt utarbeida og brukast i arbeidet. Så er tida inne for å lage eit storyboard, der alle bildene i filmfortellinga er teikna. Ein noterer lyden ved sida av bileta slik at ein veit kva lyd ein skal kople til kva bilete. Det er også vanleg å lage ei dreiebok for å få oversikt over alle scenene som skal animeres og alt som foregår der. Denne dreieboka består berre av ord. Ein kan lage ei opptaksbok for den del, for å huske på kva som skal skje når animasjonsscener blir spelt inn.


Til slutt kan ein skrive eit refleksjonsnotat og stille seg fylgjande spørsmål:

• Eg valte denne arbeidsforma fordi:
• Eg valte å presentera fordi:
• Dette syntest eg var vanskeleg/lett fordi:
• Dette gjorde eg for å læra:
• Dette har eg lært:
• Eg nådde/nådde ikkje måla mine fordi

Praksis, eit turnmareritt og arbeidskrav til halsen

No er det ei stund sidan sist, og det har sine grunnar.

3 hektiske veke i praksis, etterfulgt av eit dramatisk brudd, sjukmelding i 6 veke, og arbeidskrav opp til halsen! Grunn nok?

Praksis var ei lærerik tid som baud på både utfordringar, oppturar og til slutt nedtur. Elevane var flotte og oppførte seg eksemplarisk, og lysta på yrke blomstra. Så kom ein heilt vanleg gymtime traskande forbi. Klassa var meir glade i turn enn meg, så eg gjennomførte nok ein turn time. Noko eg ikkje hadde føresett var at dette skulle bli min siste. I det eg med all min prakt skulle sveve over bukken, for å vise korleis det skulle gjerast, høyrte eg eit smell, og kjente ein intens smerte. Når eg såg på arma mi var den ikkje rak og rett, men såg meir ut som en hallbrun bana. Det skulle vise seg at både ulma og radius, dei to underarmsbeina, var brotne. Dette resulterte i ein tur på operasjonsbordet.
I gymsalen derimot gjekk det vilt for seg, vart eg fortalt i ettertid for eg sjølv sprang frå klassa og bort til kontordama med den brotne handa i været. 2 spydde momentant, og 1 besvimte og resten grein. Heile neste time gjekk visst med til å roe og trøste elevane, så det vart eit enda større styr enn eg hadde førestilt meg.


I 2 veker var eg fullstendig inaktiv, og det først i dag eg greier å skrive utan smerte. Eg er sjukmeldt 4 veker til og somme dagar er verre enn andre. Eg håpar berre at alt gror fint og at eg snart blir meg sjølv att.

I mellomtida har mine medstudentar på musikk hatt undervisning, og arbeidskrav i fleng. Eg tykkjer det er dårleg lagt opp med praksis i 3. året fordi det blir ikkje samkøyrt med dei andre faga vi tek. Forige praksis ringte læraren min meg opp og var bekymra fordi ho ikkje hadde sett meg på ei stund. Då er komunikasjonen for dårleg. Eg har fortsatt mykje fråvær, sjølv om alt fråværet er i fra då eg var i praksis. Eg håpar dette vil ordne seg.
I dag har eg jobba med arbeidskrav og er ferdig med det meste, deilig!

fredag 13. januar 2012

Samanlikning av tre sosiale medier - ei reise i moglegheiter

Dag to av årets første samling i DKL fekk vi nye utfordringar å overvinne. Eg, Rasmus og Ådne bega oss ut på djupt vatn når vi skulle ta eit dykk i dei sosiale media sine verkemiddel og funksjonar. Ta ein kik og sjå kva vi fann av digitale skattar:

Samanlikning av tre sosiale medier

torsdag 12. januar 2012

Sosial web 1

Dette innlegget er ei øvingsoppgåve i samband med 1. samling. Her skal eg, Rasmus og Ådne diskutere fordelar og ulempar ved bruk av slike nettsamfunn, samt utfordringar og moglegheiter knytt til ein pedagogisk samanheng. Vi tek føre oss Del&Bruk (d&b), Facebook og twitter.

D&B 
Negativt: Vi tykkjer det er uoversikteleg. Oppsettet er rotete og vanskeleg å forstå. Dermed verkar det heile lite brukarvenleg, noko som er svært uheldig for d&b då konkurransen kring sosiale mediar er stor.
Positivt: Lærar og pedagogar kan dele både erfaringar og tips om t.d. undervisning, noko som nærar til læring blant lærarar.

Facebook
Negativt: For mykje reklame, samt freistingar som spel og andre applikasjonar som distraherar eleven vekk frå undervisninga. Då eg gjekk på skulen sendte vi lappar for å kommunisere med kvarandre, gjerne om lite skulerelevante tema, utan at læraren skulle merke det. Dette var ulovleg. Dagens elevar har det lettare då ein kan nytte chaten på facebook til å overlevere "hemmelige meldingar". Facebook-chat kan dermed tolkast i negativ retning.
Positivt: Dei fleste har facebook noko som gjer det til ein stor sosial arena der alle kan delta om noko felles, i regi av læraren. Oversiktleg og brukarvennleg oppsett. Facebook er også eit godt redskap for å lage og lagre digitale fotoalbum. Ein kan også ha videosamtala gjennom facebook, og facebook-kontoen kan ein nytte til å logge inn på t.d. nettbank og spotify.

Twitter
Negativt: Det er ikkje like utvbreidt som facebook, og det er vansklegare å chatte og føre samtalar med andre personar då det ikkje er nokon chat-funksjon. Ein kan berre komentere på andre sine statusoppdateringar, då det er meir eit medie for synspunkt og meiningar.
Positivt: Du kan følgje kjendisar, bedrifter og ord som kan ha ein pedagogisk effekt. Kanskje kan ein følgje lokale bedrifter i faget Utdanningsval?

Ingen av desse sosiale media er perfekte, og det er slik det skal vere. Ein skal måtte utforske litt forskjellig for å finne den beste. Som lærar bør du då finne deg eitt slikt medie som du vel å bruke i di undervisning.

Sosialt web - Ein digital arena for mobbing?

Jula er over og eit nytt semester er i gang. Det første innlegget er ifrå den første samlinga der temaet var sosial web.


Hontvedt (2008) definerer sosialt web som ein stad på Internett for produksjon, deling, distribusjon av informasjon og medieinnhald. 
Eit anna begrep som vert brukt om dette, er altså "Web 2.0". Dette begrepet innebærer ikkje nokon ny versjon av internett, men viser til at brukarar og utviklarar har byrja å sjå på nettet på ein ny måte. 


Sosiale medier er til dømes Nettby, Blink, Twitter og Facebook. Sistnemte er ein nettstad som gir moglegheit for sosial interaksjon over nett, ved bruk av digitale verkty. Her kan brukerane sende kvarandre mail, chatte, dele bilete, opprette statusoppdateringar, og på denne måten bli kjent med andre, samt halde kontakt med gamle kjente. 


På forelesninga vart det diskutert i kor stor grad dei sosiale media er føremålstenlege for undervisninga. I fylgje Peder Haug har ikkje facebook noko å gjere i klasserommet, medan andre igjenn meinar sosiale medier som facebook er framtida, og dermed ikkje bør eksluderast frå undervisninga. Personleg er eg einig med Peder Haug, da Facebook byr på mange fristelsar som kan styre elevens konsentrasjon vekk ifrå undervisninga. 
På forelesninga vart det også teke opp eit omfattande sosialt problem knytt til sosiale medier, nemleg digital mobbing. Sosiale medier byr på mykje positivt, men blir også ein ny arena for mobbing, til fordel for mobbaren då det ikkje alltid er like lett å oppdage mobbinga. Mobbaren kan bortimot vere anonym, og mobbinga skjer på ein arena der dei voksne ikkje har like stor kontroll. 
Eg meinar denne debatten er langt viktigare og bør ha meir fokus, enn spørsmålet om korleis ein kan nytte sosiale medier i ein pedagogisk samanheng. 


fredag 18. november 2011

Rekneark - Ein digital verden full av moglegheiter

Mitt fyrste minne av Microsoft Excell strekk seg heilt tilbake til 2005 då eg byrja med økonomi på Allmenn. Eg tykte dette var eit vanskeleg og lite brukarvenleg program. Dette var kanskje ein litt rask og fordomsfull dom godt påverka av frustrasjon og demotiverte medelevar, samt ein lærar med begrensa kompetanse på både det pedagogiske og teknologiske plan. Eg ville 6 år seinare, då eg gjekk matematikk på lærarskulen, sjå at det var ikkje programmet det var noko gale med, då ein berre må "trykke på dei rette knappane", bokstavleg tala.

Eg, som mange andre, vart overraska då eg høyrde om fleire rekneark enn Excell da dette programmet følger med i Microsoft Office pakka saman med kjende program som Word og Powerpoint. Eg er ikkje kjend med andre rekneark som Open Office Calc og Google Spreadsheet. Desse er da, i motsetnad til Excell, gratis og dermed veldig aktuelle å nytte i skulesamanheng der ressursane kan vere begrensa.

Som sagt var mitt første møte med rekneark så seint som på vidargåande. Eg meinar dette er for seint då ein da berre har eitt år på seg å lære seg dette avanserte programmet. Ein kan gjerne introdusere dette for elevar allereie på barneskulen, men ein må vere obs. på å ikkje legg lista for høgt. Det kan vere nok at elevane får leike seg med reknearket, som å prøve ut addisjon og substraksjon. Faren med rekneark, sett i frå eit matematisk perspektiv, er bruken av = teiknet. Dette betyr jo at den høgre sida av = er lik venstra sida. Dette er ikkje eit operasjonellt verkty som betyr "svaret blir", slik som i ein kalkulator. Og i Excell nyttar ein = teiknet på ein heilt annan måte att, der ein må byrje reknestykket i cella med = for å få til ei utrekning. Det er altså viktig å vere klar på at = teiknet betyr det "det same som" og ikkje "svaret blir", for når ein til dømes jobbar med algebra må ein tenkje at: a + 2 = b - 1. For å forstå dette utrykket må ein vere kapabell til å sjå på = teiknet som "det same som" og ikkje eit operasjonellt verkty.

Vidare er det i fylgje Kunnskapsløftet (LK06) ei av dei fem grunnleggjande ferdigheitene å kunne bruke digitale verkty. Dette betyr at undervisninga i alle fag skal bestå av digitale verkty. Ein kan kanskje tenkje at dette er umogleg i praktiske fag som kroppsøving, men dette er berre opp til lærarens kreativitet. Ein kan til dømes føre treningsdagbok i Excell over eit gitt tidsrom i til dømes styrketrening, og sjå korleis prestasjonane forandrar seg frå veke til veke.

Samling 3, oppgåve 1 - Bruk av bilete

a) Sett at du fant eit bilete av nokre born på ei privat heimeside, og vil bruke det som illustrasjon til noko du skriv om på Nettet: Kan du publisere det?
              Så lenge du ikkje har fått tilatelse av den som har opphavsretten til biletet kan du ikkje bruke det. Det andre hensynet er personvernet, da det er tydeleg bilete av to barn. 


b) Sett at dette var dine barn, men ein annan person hadde tatt biletet?
              Du må framleis få klarsignal frå den som har oppahvsretten til biletet.



c) Sett at dette var dine barn, og du har teke biletet?
              Om biletet inneheld støtande, ulovleg innahald (barneporografi) kan ein ikkje besitte det, eller publisere det. Dette er ikkje tilfellet her, men du må spørre ungane om lov dersom dei er over 15 år.