torsdag 17. november 2011

3. Samling: Skype, Mindomo og Smartboard

Denne 3. og siste samlinga lærte vi fyrste dagen/kvelden vi om Skype (IP-telefoni), Mindomo (eit program for kreasjon av digitale tankekart) og digitale tavler (smart board).

Skype er eit dataprogram som brukast til IP-telefoni. Det vil seie at brukaren kan installere Skype på datamaskina, for så å opprette ein gratis brukerkonto. Deretter søker ein seg fram til kontoen til den personen ein vil ringe. Ein er altså avhengig av at den ein vil ringe har registrert ein skype-konto. Han må også vere pålogga Skype for å ta imot samtalen. Om personane som ringar kvarandre har web-kamera kan ein føre ein videosamtale, og dermed sjå kvarandre medan ein snakkar. Sidan samtalen skjer over Internett, er det ingen tilkoblingsavgift, ingen minuttpris og ingen abonnementskostnader. Skype blir dermed eit meget rimelig alternativ sammenlikna med vanlige telefonsamtalar. I tillegg til at brukerne kan ringe til kvarandre, har programmet også funksjonalitet for meldingsformidling, filoverføring, videosamtaler osv.

Mindomo er eit program der brukarane kan lage, sjå og dele tankekart over nettet. Programmet er gratis og kan vere eit godt hjelpemiddel for elevar som skal skrive ein stil eller andre store oppgåver. At dette skjer teknologisk er positivt med tanke på at ein har uendeleg med plass å skrive på, medan eit tankekart i konkret, fysisk kontekst er begrensa på eit A4-ark. Ein kan også dele dette kartet med andre, noko som er nyttig og til stor hjelp for mange. Ulempa kan vere at ein er avhengig av PC og ikkje minst internett. Det er ikkje alltid like god internettilkopling alle stadar, og sidan dette er eit program som er avhengig av eit nettverk kan dette vere ein ankileshel hos programmet.

Den digitale tavla (smartboard) er ei kvit tavle som er avhengig av ein videokanon (verdi 5000 kr.) som lyser på tavla. Då forvandlar den kvite livlause tavla seg til noko liknande ein dataskjerm. Ein nyttar tavla som ein touchscreen, i prinsippet same som ein iphone. Smartboardet har mange moglegheiter. Ein kan mellom anna nytte programmet SMART Notebook, eit program som høver seg godt i ei pedagogisk samanheng. Her har ein tilgang til mange ulike reiskap som ein kan bruke i undervisninga for å gjere den informativ, variert og engasjerande. Ein kan til dømes drage fram ei digital gradskive og måle vinklar, laste opp bilete, film og andre filer og dokumenter, bruke ein konkret penn som gir eit digital avtrykk på skjermen, nett som om ein hadde bruk ein ekte penn og teikna på tavla.

Lyd: Audacity og den reddande engelen Power Audio Converter

Eg har nett skrive ei omfattande oppgåve kring bruken av lyd i ein pedagogisk samanheng. Her fekk vi i oppgåve å reflektere kring lyd som ein pedagogisk tekst i ei digital portefølje. I tillegg til refleksjonen skulle oppgåva innehalde ei sjølvlaga lydfil og bilete som også skulle redigerast. Eg kjem ikkje til å legge ut i det lange om mine "djupe" refleksjonar kring lyd her på bloggen, men skal prøve å legge ut lydfila.


Eg brukte Picasa for å redigere bileta, eit program eg allereie har greia ut om her. Eg måtte derimot bli kjent med eit nytt program då eg skulle redigere lyden, nemleg Audacity. Dette var eit brukarvenleg og enkelt program tykte eg. Mi kompetanse er sjølvsagt ikkje større enn at eg berre skumma overflata over kva dette programmet har å tilby av moglegheiter. Eg møtte likevel på eit problem då eg ville legge inn eit ekstra spor for lydkulissa, i tillegg til talesporet. Eg ville bruke eit sjølvkomponert musikkstykke som lydkulisse som skulle spelast av paralellet med talesporet. Fila eg spelte inn lagra seg i formatet MP4. Når eg prøvde å laste opp denne fila i Audacity fekk eg ei feilmelding fra programmet som sa at eg måtte konvertere fila til ei WAV-fil, då programmet ikkje kunne åpne MP4-fila.

Power Audio Converter

Dette var ille då produktet av den endelege lydfila sto og fallt på om eg klarte å åpne denne sjølvlaga musikkfila. Eg søkte febrilsk etter konverteringsprogram på nettet, og fann endeleg programmet Power Audio Converter. Dette programmet kosta pengar, men eg fekk ein gratis prøve, heldigvis! Eg opna lydfila, MP4, i dette, og fekk valet å konvertere den til MP3, WMA, M4A, AC3 og WAV.

Då eg hadde konvertert MP4-fila til WAV kunne eg opne den i Audacity og fekk redigert ferdig den endelege lydfila med talespor og lydkulisse.


torsdag 10. november 2011

Eit spanande besøk og Picasa 3


I veke 41 fekk vi besøk av ein profesjonell fotograf som lærte oss om korleis ein skulle ta gode bilete. Vi lærte om både blender (kor mykje lys som kjem inn i kameraet), lukkertid (kor lenge lyset skal kome inn) og ISO. Vi lærte også om bildeanalyse (denotasjon/konnotasjon, symbol, farger, komposisjon, perspektiv, bildeutsnitt o.l.)
Vi fekk også ta nokre bilete sjølv der vi eksperimenterte med høg og lav ISO, blender og lukkertid. Vi klarte å gjere objektet skarpt og omgjevelsane difuse, utan i det minste å røre eit redigeringsprogram. Eg hadde ikkje kamera sjølv, og gjekk dermed saman med Kjerstin og Rasmus. Saman tok vi nokre gode bilete, men eg har ikkje desse på maskina. Eg vil prøve å få tak i desse og legge dei ut her på bloggen.

Dagen derpå lærte Kjell oss Picasa 3 betre å kjenne. Moglegheitene her var enorme, og vi redigerte bilete i øst og vest. Dei raude augene vart det fort ein slutt på, og vi fekk dei nyaste og moderne bileta til å sjå ut som gamle slitte fotografiar i sepia og svart/kvit. Vi lærte også å redigere i eit program i Picasa som heitte Picninc. Her var moglegheitene enda større med forsterking av fargar, eller gjere dei mjukare/robuste/lomo-aktige etc. Dette var svært spanande! Eg legg ved eit bilete som eg har redigert i Picninc.
Her har eg forsterka fargane, beskjært og avrunda kantane


Vi fekk deretter i oppgåve å lage ein film ved å ta masse bilder og sette desse saman til ein film. Vi fekk instrukjson om at filmen burde handle om ein person som mangla noko, ein konflikt og eit resultat av konflikta. Eg, Rasmus og Kristian gjekk saman om oppgåva og dette vart resultatet:

Samskriving og Vygotsky

Eg går siste året på lærarskulen og har dermed vore igjennom dei kjende pedagogiske teoretikarane Piaget, Bruner og Skinner, for å nemne nokre få. Det fyrste som slo meg då Kjell informerte oss om google docs og samskriving, eit program der fleire er i interaksjon med kvarandre for å dele og utvikle kunnskap og læring, var Vygotsky som innafor pedagogikken snakkar om læring - eit sosialt samspel. Han meinte at læring oppstår i ein sosial samanheng mellom mennesker. Han la mykje vekt på støttande stilas og proksimale utviklingssone, utan at eg skal gå nærare inn på dette. Samskriving er dermed det teknologiske svaret på Vygotskys tankar om læring og fellesskap, og om han levd i dag hadde han nok vore ein stor tilhengjar til denne måten å arbeide på.

Samskriving er ein av dei læringsmetodene vi kan bruke i skulekvardagen ved hjelp av teknologi. Ved samskriving kan elevane skrive ein tekst på eit fellesdokument ved hjelp av internett og google dokumenter. Vi fekk så i oppgåve å lage eit undervisningsopplegg der samskriving skulle stå sentralt. Gruppa mi, som bestod av Karoline Refvik, Rasmus Gausemel og meg sjølv, løyste denne oppgåva ved å faktisk bruke programmet samskriving. Vi delegerte ulike delar av oppgåva, og skreiv samtidig på eit felles dokument via internett og google dokumenter. Ein veldig effektiv og praktisk metode å jobbe saman på. 

Oppgåva finn du her:
Mappeoppgåva Karoline, Rasmus og Andreas

Plagiat

Store norske leksikon definerer plagiat fylgjande:

" utilbørlig utnyttelse av en annens åndsprodukt, idet man utgir dennes ideer som sine egne, eller som forfatter utnytter en annens verker uten å oppgi denne som kilde; litterært, kunstnerisk tyveri."

Dette har da ein tendens til å forekomme i skulen. Eg må i skrivande stund vere i det ærlege hjørnet og innrømme eg sjølv har gjort det ved èin anledning, Vidargåande Grunnkurs, då vi fekk i engelsk oppgåve å skrive om Martin Luther King, Jr. Eg lærte på den tøffe måten at plagiering var fusk, og fekk dermed karakter 1. Til mitt forsvar var eg ukjend med bruk av PC og leksikon (omgrepet kjeldebruk møtte eg først på Høgskulen i Volda) og skreiv rett av då eg hadde funne ei god kjelde. Dette var eg vand med fra barneskule og ungdomskule i anledningar ved prosjektarbeid, og hadde aldri fått korreks for dette, merkeleg nok. Vi visste derimot at å hente stilar frå nettet var strengt forbode, men at dette hadde eit omgrep vart eg først klar over då eg byrja på lærarskulen. 

Ut frå eigen erfaring meinar eg at læraren har ein jobb å gjere i å informere elevane om rett kjeldebruk, og konsekvensane for plagiering. Eg vart aldri kjend med dette, før eg endeleg måtte trå feil og fekk svi for dette. Var det då min feil at eg ikkje fekk eit betre resultat på min fyrste oppgåve i engelsk på vidaregåande skule?

Til ettertanke..

Oppgåve 1 - Akademisk skriving

Vi fekk ei innføring i akademisk skriving: kvifor ein stiller krav til akademisk skriving, kva som gjer noko til akademisk kjelde, korleis referere til kjelder, referansenormer som APA, og forholdet mellom erfaringer og referanse til akademiske kjelder.
Under sistnemte punkt kan ein bli forvirra over kor mykje som skal referast og meinast, da det kan sjå ut til at ein berre skal refere når ein skriv ein akademisk tekst. Ein kan kome med eigne erfaringar som byggjer opp eller bryt ned teori, men ein skal vere forsiktig i å definere noko eller lage ein teori utan å knytte det til ei akademisk kjelde. Dei akademiske kjeldene skal ligge til botnen for oppgåva og gjere den solid, og så kan du synse og meine så mykje du vil for å bryte ned eller understreke det akademiske stoffet.

Oppgåve 1. Andreas Johnsen

Betre seint enn aldri

Takk for siste får ein vel seia. Det er snart heile to månadar sidan eg førre gong var inne, og det er ein tanke urovekkande for meg då eg forhåpentlegvis skal fullføre desse 30 studiepoenga. Årsaka til mitt fråvær er ikkje heilt bevisst då eg har hatt problem dei gongane eg har funne tid til å logge meg på; anten var det problemer med nettverket, nettverkslesaren, eller til og med problemer med å logge seg på då "blogger.com" ikkje ville la meg logge på. I tillegg kjenner eg at 90 studiepoeng er noko krevjande, og innser eg verkeleg må stå på for å halde koken.

Etter nokre krumspring og litt haudebry fekk eg endeleg logga meg på. Med eit brennande engasjement vil eg  no oppdatere bloggen i form av å seia litt om kva vi har gjort i DKL dette semesteret fram til no, og leggje ut nokre resultat og arbeidsmåtar frå dei ulike oppgåvene vi har løyst både individuelt og i grupper.